Dokketeater frå Kasakhstan blir rekna som verdsarv

Det er UNESCO som finn ut kva som skal inn på lista over såkalla immateriell kulturarv, som er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk.

«Orteke» er ein type dokketeater dei driv med i Kasakhstan. Tredokker av dyr dansar på ei tromme medan musikarar speler på instrumentene sine. Desse dokkene er festa med tråd til fingane til musikarane, og rører seg i takt med musikken.

I Noreg er dans og stevjing frå Setesdal også rekna som verdsarv, og inne på same liste.