Kort forklart: Må eg vere med på skulegudsteneste?

Kvart år har norske skular julegudsteneste i skuletida. Kva er reglane rundt dette?

Det korte svaret er: Nei, du treng ikkje vere med på ei skulegudsteneste.

Grunnskulen i Noreg har kristne røter, og religionen var ein gong ein stor del av undervisninga, men i dag har du rett på skulegang utan forkynning.

Det vil seie at du skal sleppe at ein vaksen preikar om at éin religion er den rette i skuletida.

Likevel er det mange skular som held fast ved julegudsteneste. For at dette skal vere greitt, må skulane følgje ei rettleiing frå Utdanningsdirektoratet.

Fritak

Ei gudsteneste er religionsutøving og forkynning. Det kan du be om fritak frå. Dersom du er under 15 år, er det dei føresette som må gjere dette.

Illustrasjon via Canva: Åshild Slåen

Elevar som ikkje deltek skal få eit likeverdig tilbod

Dersom du ikkje deltek på gudstenesta har du likevel rett på eit skikkeleg tilbod frå skulen. Det skal vere eit opplegg der du kan lære om kultur og tradisjonar i Noreg.

Kva nøyaktig som skjer i opplegget er opp til lærarane dine. Det kan vere song, lesing, lysfest, temadag eller andre passande aktivitetar.

Opplegget er ikkje ein del av KRLE

Fritak frå skulegudsteneste tyder også fritak frå førebuing til ei skulegudsteneste. Dersom nokon treng å øve på juleevangeliet før gudstenesta, skal ikkje dette skje i skuletida.

På same måte skal ikkje det alternative opplegget vere ein del av obligatorisk undervisning, sidan dei som er på gudsteneste då går glipp av dette opplegget.

Foto: Rodion Kutsaiev via Unsplash

Gudsteneste skal ikkje vere det siste elevane gjer før ferie

Dei fleste skular har eit felles arrangement der alle elevar er med før dei tek ferie.

Slike arrangement skal vere samlande, og skal difor ikkje vere ei gudsteneste eller anna religionsutøving. Ein enkel måte å løyse dette for skulen, er å ikkje leggje ei skulegudsteneste til siste skuledag.