Hasnain (19) vann pris for å vere frivillig

19 år gamle Hasnain Asghar frå Stovner i Oslo fekk Frivillighetsprisen 2022.

– Er du ein person som startar frivillig, tru meg, så vil du kome langt.

Det sa 19 år gamle Hasnain Asghar frå Oslo, då han vart presentert som ein av finalistane til årets Frivillighetspris.

Måndag fekk han Frivillighetsprisen 2022. Det er ein heiderspris som Frivillighet Norge deler ut kvart år, til nokon som har utmerka seg med sitt frivillige engasjement.

Å vere frivillig kan opne mange dører fortalde Hasnain – du vert kjent med nærmiljøet ditt, får eit nettverk og du får ei fin kjensle av å gjere noko godt for samfunnet.

– Ei leiestjerne

grunngjevinga skriv juryen at Hasnain har bidrege mykje som frivillig i bydel Stovner dei siste fire åra.

Han er mellom anna engasjert i Líf laga. Det er eit prosjekt der ungdom i Stovner får plukke eple i private hagar som dei seinare lagar eplemost av. Trevoktarane i Líf laga har dei siste åra planta nær tusen epletre i Oslo.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) delte ut heidersprisen.

– Trass sin unge alder, har vinnaren vorte ei leiestjerne, og vi håpar og trur at stjerna vil skine i mange år til, sa kulturministeren.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) delte ut heidersprisen til Hasnain Asghar. Foto: Frivillighet Norge

Ho rosa Asghar for å vere eit føredøme og ein motivator som dreg med seg nye folk inn i frivilligheita – på tvers av generasjonar og kulturar.

– Det er heilt ubeskriveleg. Det er ikkje mogeleg å skildre kor takksam eg er for å stå her, sa Hasnain Asghar frå scena.

19-åringen får 50 000 kroner i premiepengar, som han kan bruke til å fremje sakene han arbeider for.