Even (17) kan verte tidenes yngste ordførar

Om partiet hans, Venstre, sankar utruleg mange stemmer, så kan han verte ordførar i Ringerike kommune.

– Eg synest det er veldig gøy! Eg er ganske ny i partiet, så det er kjekt å få denne tilliten, fortel Even Jacobsen på telefon til Framtida.no. 

17-åringen nettopp valt til ordførarkandidat for Venstre i Ringerike kommune.

Han fyller 18 år til neste år, slik at han akkurat er gammal nok til å stemme og stille til val.

Om partiet hans, Venstre, gjer eit godt val, så kan han verte ordførar. Då hadde han vorte den yngste ordføraren Noreg noko sinne har hatt!

Vert han ordførar?

Even Jacobsen (17) går andre året på vidaregåande ved Ringerike vidaregåande skule i Hønefoss. Dei fleste i klassen har sagt at dei synest det er kult at han no er ordførarkandidat.

– Dei har lurt på kor stor sjanse det er for at eg vert ordførar. Eg har sagt at det ikkje er så realistisk, seier Even og ler.

Det er meir sannsynleg at Even får plass i kommunestyret. Då lyt han kombinere skulen og møte, men det trur han går fint:

– Det kan nok verte litt mykje jobb av og til, men eg må no få det til. Eg plar prioritere politikken først, for det er det eg synest er mest gøy og gjevande.

– Hadde unge vore betre representerte, så hadde klimasaka vorte teke meir på alvor, seier Even Jacobsen. Foto: Andreas Asphaug

Begynte med politikk som 12-åring

Even begynte med politikk då han var 12 år gammal, fordi han var oppteken av klima.

17-åringen trur mange tenkjer det er skummelt å melde seg inn i eit ungdomsparti, men han seier at du ikkje treng kunne mykje frå før av. Sjølv visste han ingenting om politikk før han melde seg inn i Grøn Ungdom.

– Eg var berre oppteken av klima. Men eg vart veldig godt teken i mot, og ein lærer mykje undervegs, seier Even.

Sjølv om han no har bytta parti til Venstre, så har han framleis gode vennar frå Grøn Ungdom.

Viktig at unge seier meininga si

Nokre av hjartesakene til Even er klima og skule. Han meiner elevar må få fridomen til å bestemme over sin eigen skulekvardag.

I tillegg meiner 17-åringen det er viktig at unge får seie meininga si, og vert lytta til. Han synest mellom anna at stemmerettsalderen bør verte sett ned. I dag må du vere 18 år for å få stemme.

Stemmerett har ikkje noko med kor moden ein er å gjere. Ein 16-åring kan ta like gode val som ein 18-åring eller ein 60-åring, meiner Even.

Han meiner vi bør senke stemmerettsalderen til 16 år først, og seinare prøve om det også kan vere lurt å late 15-åringar stemme.