Magisk jul med Snøsøstera

Når Maja Lunde og Lisa Aisatos moderne juleklassikar blir teater, er det duka for magi hos Det Norske Teateret.

Historia om vennskapen som oppstår mellom Julian og Hedvig i tida før jul, rommar både juleglede, vemod og håp. På Hovudscenen på Det Norske Teatret har regissør Alan Lucien Øyen og scenograf Åsmund Færavaag skapt ei poetisk framsyning som framstår nesten som ei bildebok.

Gina Bernhoft Gørvell speler Hedvig. Foto: Siren Høyland Sæter, Det Norske Teatret

Her glir snølandskap og stivpynta julegater forbi, me blir med til svømmehallen og til skøytebanen, og får oppleva den lune stemninga heima hos Hedvig i Villa Kvisten.

Alt er ledsaga av element frå Aisatos duse akvarellar og musikk av Henrik Skram, som tidlegare har laga musikken til for eksempel Snøfall.

Sorg og glede

Bilderomanen Snøsøsteren er eigentleg laga som ein julekalender, men julegleda er ikkje til stades når handlinga tek til. Julian gruer seg faktisk til jul, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, endå mindre at det snart er jul.

Vanlegvis er desember den beste tida av året, men i år er jula avlyst fordi søstera til Julian nyleg døydde. Sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Alt ser bekmørkt ut – inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig.

Foto: Erik Berg, Det norske Teatret

Hedvig hjelper Julian med å finne julegleda, og Julian hjelper Hedvig med å gå vidare til den andre sida. Det viser seg nemleg at det berre er Julian som kan sjå henne.

Ny juleklassikar

Maja Lundes juleroman i 24 delar med nydelege teikningar av Lisa Aisato blei utropt som ein klassikar allereie da den kom ut i 2018. Boka blei ein braksuksess med rekordhøge lesartal, og fleire aviser rulla terningkast 6.

Teateret hadde urpremiere 22. oktober i år, og er basert på boka «Snøsøsteren» av forfattar Maja Lunde og illustratør Lisa Aisato.