Fann det utrydda dyret tasmansk tiger i eit skap

Den tasmanske tigeren, eller pungulven, har vore utrydda sidan 1936.

Då døydde det siste kjente eksemplaret av dyret i ein dyrehage på Tasmania, ei øy i Australia. Kroppen til dyret vart så sendt vidare til eit  museum.

Sidan då har denne pungulven forsvunne, og fleire har lurt på kvar kroppen vart av. No har museet funne att skinnet og skjelettet i eit arkivskap. Det vart altså ikkje tapt, berre lagt på feil plass.

Museet har forklart at feilen skjedde fordi dei ikkje visste det var den aller siste pungulven då han døydde.