Møt lungetreet som lagar pustelydar

– Barn er smartere enn vaksne når det handlar om klima og miljø, meiner forskar Erica Löfström. Ho har mellom anna forska på korleis barn og vaksne reagerer på eit tre som lagar pustelydar midt i Trondheim by. 

BRENN FOR KLIMA: Erica og Fredrika (13) meiner alle må gjera alt dei kan for å hjelpe naturen, men at alle også må legga press på dei som bestemmer i Noreg: Politikarane. Foto: Paula Lloveras

I tillegg til å laga pustelydar, viser også treet informasjon om luftkvaliteten i 250 byar i heile verda.

– Me har vist fram treet i Adressaparken i Trondheim, men no skal me flytta det innandørs. Det blei forstyrrande for naboar å lytte til treet natt og dag, men me ser at det skapte dei reaksjonane me var nysgjerrige på, fortel Erica som er forskar ved Institutt for psykologi ved NTNU og leiar forskningsprosjektet Nature in Your Face. 

Unge gir håp

– Me må byrja å snakka om kva me treng for å leva, og kva me kan gjera for å bruka mindre av verdas ressursar. Dotter mi ser dette, slik andre barn og unge også ser det. Ho ønskjer seg svært lite nye ting. Det gir meg håp når eg ser korleis barn og unge tenkjer om miljø og klima, seier Erica. 

Dotter hennar, Fredrika (13), er heilt einig.

– I filmar og TV-seriar blir me jenter fortalt at me skal lika å shoppa og konsumere så mykje som mogleg. Eg synest det er veldig fint når ting får eit nytt liv og kan brukast om att, seier ho.

Sjå videoen under (engelsk tale):