Korleis blei månen danna?

Geolog og vitskapsformidler Victoria Sjøholt Engelschiøn fortel om korleis månen blei til. 

For 4,5 milliardar år sidan vart den unge jordkloden treft av ein planet på storleik med Mars. 

Månen blei danna ved at ein planet kalla Theia trefte den unge jordkloden. Den enorme samanstøyten slyngde ut enorme mengder magma i bane rundt Jorda. Theia gjekk i oppløysing, fortel Victoria. Ho er geolog og har skrive den spennande boka Asteroider. 

FORFATTAR: Victoria Sjøholt Engelschiøn har skrive boka Asteroider. Foto: Vigmostad og Bjørke

Mørk og lys stein

– I Jorda har me tre typar stein – det ytste laget, som me går på, kjernen som er er inne i jorda – og det mellomste laget. Månen er laga av det steinen i det mellomste laget.

– Månen har mørke og lyse område – og det er fordi den er sett saman av to ulike typar stein. Den lyse steinen finst i Norge. Den heiter anortositt og er ganske sjeldan. Den mørke steinen heter basalt, og er ein vanlig steintype som blir danna av vulkanutbrot, fortel Victoria.

Ny forsking tyder på at månen kan ha blitt danna veldig raskt, på kanskje berre nokre timar. Månen har også blitt treft av asteroidar, og det gjer at det er mange krater på overflata.

 Temperaturane på månen er veldig ekstreme. I skuggen på månen er det 170 grader minus, og i sola er det 120 plussgrader, fortel ho.

GIF: Giphy.com