Kan ein asteroide treffa jorda?

Framtida Junior har snakka med Terje Wahl som er fagdirektør for forskning og jordobservasjon ved Norsk Romsenter og geolog Victoria Sjøholt Engelschiøn. Kva tenkjer dei om jorda si framtid?

Frå tid til annan blir jorda treft av småstein kalla meteorittar. Ein del større steinar har også treft både jorda og månen. Månen er jo full av store krater. Det flyg også ein del asteroidar som kjem nær jorda, men me har god oversikt over dei. Dei kjem ikkje til å treffa jorda, fortel han.

EKSPERT: Allereie då Terje var 12 år visste han at han ville jobba med realfag. No er han ekspert på satellittar. Foto: Norsk Romsenter

Terje søv betre no enn for 20 år sidan.

For 20 år sidan visste eg at asteroidane var der – men ikkje om dei kom til å treffa jorda. No veit eg at det ikkje er nokre store steinar på veg mot oss – i alle fall ikkje dei neste hundre åra, fortel han. 

Ekspertane som jobbar i romfart jobbar også med teknologi som gjer at me kan reisa ut i rommet å endra ein asteroide sin bane dersom det skulle koma ein mot jorda. Terje kjenner seg trygg på at det vil gå heilt fint.

– Menneska er i stand til å løyse det meste.

I september i år krasja Nasa-fartøyet Dart inn i asteroiden Dimorphos. Formålet med testen var å sjå om det er mogleg å verna jorda frå asteroidar på kollisjonskurs. Det er første gong noko slikt er vorte testa, og testen viste at det er mogleg.

Bok om asteroidar

Geolog og vitskapsformidlar Victoria Sjøholt Engelschiøn har skrive barneboka Asteroider. Ho har tidlegare jobba for Den europeiske romfartsorganisasjonen og har hatt ansvar for å laga meteoritt-utstilling på Naturhistorisk Museum.

FORFATTAR: Victoria Sjøholt Engelschiøn. Foto: Vigmostad og Bjørke

Asteroidane er 500 millionar år eldre enn dei eldste steinane på jorda. Det finst til og med små korn i asteroidar som er eldre enn solsystemet vårt. Dei korna er komne frå andre plassar i universet og nokre av dei er 7 milliardar år gamle. Det er før solsystemet vårt danna seg. Tenk på det! seier Victoria.

Er du redd for asteroidar?

Nei, det er eg ikkje. Ikkje i det heile tatt. Du er heldig om du ser eit stjerneskot, og du skal ha skikkeleg flaks for å finna ein meteoritt Dei er veldig små dei som kjem til jorda, seier forfattaren som har latt seg fascinera av steinane som svevar rundt i verdsrommet.

Vil du fortelja nokre kule fakta om asteroidar?

– Asteroidane er eldre enn planetane. Bare sola er eldre! Og dei fortel oss om tida før solsystemet hadde planetar. Asteroidar inneheld også karbon, som er eit grunnstoff som gjer at alt liv eksisterer. Asteroidar er stein som er over ein meter store og som går i bane rundt sola. Dei går i bane rundt sola slik planetane gjer, men dei er mindre. Av og til treff dei lufta som er rundt jorda, og då tek dei fyr. Då ser me stjerneskot. Eit anna ord for stjerneskot er meteor.

GIF: Giphy.com