Ny klimarapport: På veg mot 2,5 gradar oppvarming

Berre 24 land har levert oppdaterte klimamål før COP27. Noreg er ikkje eit av dei.

Skal vi nå målet frå Parisavtalen om å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 gradar, er dei nasjonale utsleppsmåla frå verdas land ikkje høge nok.

Ein ny rapport frå FN syner at vi er på veg mot rundt 2,5 gradar oppvarming innan år 2100.

Få land har meldt inn kutt

Om knappe to veker samlar verdas leiarar seg i Egypt for årets klimatoppmøte – COP27.

I FN-rapporten kjem det fram at berre 24 av 193 land har følgt opp løftet frå fjorårets klimatoppmøte i Glasgow om å levere oppdaterte eller nye klimamål.

FNs klimasjef Simon Stiell synest det er skuffande.

Noreg har frå før meldt inn mål om å kutte klimautsleppa med 50 til 55 prosent innan 2030.

Til VG seier Noregs klimaminister Espen Barth Eide (Ap) at dei vurderer korleis dei skal følgje opp avtalen frå COP26 i fjor.

– Vi skal ha ferdig vår vurdering av dette innan klimatoppmøtet i Sharm el-Sheik byrjar om to veker, lovar han.