Kort forklart: Xi Jinping kan bli president på livstid i Kina

Sundag 23. oktober vart 69 år gamle Xi Jinping valt som partileiar for tredje gong på rad.

Xi Jinping har vore partileiar i det statlege kinesiske kommunistiske partiet sidan 2012. Sidan 2013 har han vore president, og i helga vart han på nytt valt som partileiar.

Då blir han truleg også valt på nytt som president til neste år.

Ingen statsleiarar har sete lenger enn i 10 år i Kina sidan landet vart kommunistisk i 1949.

No er den tradisjonen brote.

Etter å ha kvitta seg med mange av dei andre mektige personane i partiet, i eit såkalla korrupsjonsoppgjer, har Xi Jinping alle føresetnadane for å bli president på livstid.