Klima- og miljøministeren svarar på viktige spørsmål

Framtida Junior har spurt landets klima- og miljøminister Espen Barth Eide om elbilar, søppelplukking, kjøt, forbruk og bruktbutikkar. 

Kan det vera ein ide at alle nordmenn går ut og plukkar boss ein gong i månaden?

Foto: Pixabay

Det er ein god ide at alle passar på at det ikkje blir kasta søppel i naturen. Dersom du ser søppel når du er ute og går, er det ein god vane å ta det med seg og kasta det. Mange nordmenn er veldig flinke til å plukke søppel i ryddeaksjonar og strandryddingar over heile landet. Me ser at det faktisk hjelper å rydda på denne måten, og det er utruleg bra at så mange gjer dette.

Kva vil regjeringa gjera for at det skal bli enklare å kjøpa brukt?

Foto: Pixabay

– Me må bruka tinga våre lengre før me kastar dei, og me må bli betre på å bruka dei på nytt. Når det kjem til klede og tekstil er det mykje bruk og kast. Derfor har eg sett ned ei arbeidsgruppe som saman skal finna gode løysingar for korleis fleire klede kan brukast på nytt, og at det blir eit betre system for det som må kastast.

Kva vil du gjera for at fleire skal køyra elbil?

Foto: Pixabay

– Nesten alle nye bilar som folk kjøper i dag, er elbilar. Det er fordi staten har gjort det billegare å kjøpa elbilar, og dyrare å kjøpa bensin- eller dieselbilar. Dette skal me passa på òg i framtida. Men, det vil ta litt tid før dei gamle bilane blir brukt opp og borte frå vegane.

Kva vil du gjera for at kan me få ned forbruket av kjøt?

Foto: Pixabay

– I Noreg har me laga ei rekke råd om korleis alle kan eta sunt. Det fine er at om du følg desse råda, et du òg meir klimavenleg. Me må alle eta meir frukt, grønt og fisk, og litt mindre kjøt. For at fleire skal velja klimavenleg og sunn mat, arbeider me med informasjonskampanjar og folkeopplysning. Då får alle gode råd og tips om eit sunt og klimavenleg kosthald.

Kva meiner du: Må me redusera forbruket vårt for å ta vare på naturen og klimaet? Og kva vil du gjera med det?

– I dag brukar me meir ressursar enn det jorda toler. Sånn kan me ikkje fortsetja. Som klima- og miljøminister er det jobben min å legga til rette for at ressursane me bruker kan brukast om att og på ein betre måte. Til dømes må me bruka mindre eingongsplast. Og viss ting blir øydelagt, kan det mange gongar vera betre å reparera i staden for å kjøpa nye ting.

Foto: Pixabay