New Zealand vil skattlegge fisar og rapar frå kyr

Statsministeren i New Zealand vil at bønder skal betale skatt på klimautsleppet frå fisar og rapar frå kyrne sine. Bøndene er ikkje nøgde.

I New Zealand er eit nytt lovforslag kome på bordet: Å skattlegge bønder for drivhusgassane som kjem frå dyra deira, i kampen mot klimaendringane.

Jordbruk står for om lag halvparten av utsleppa til landet, og metanutsleppa deira kjem i størst grad frå utslepp frå husdyr (88,4 prosent), som til dømes kurap.

Jacinda Ardern, statsminister i New Zealand. Foto: Governor-General/Government House

– Forslaget vil gjere bøndene i New Zealand verdsleiande i å redusere utslepp, levere eit konkurransedyktig fortrinn og heve eksportvaremerket vårt, sa statsminister Jacinda Ardern på ein pressekonferanse tysdag.

Metan bidreg nest mest til global oppvarming

Den store auken av drivhusgassar (karbondioksid, metan, lystgass) sidan førindustriell tid er med på å auke temperaturen på jorda.

Etter CO₂er metan det som bidreg mest til oppvarminga, ifølgje SNL. Auken av metankonsentrasjon i atmosfæren skuldast husdyrhald, risproduksjon, brenning av biomasse og avfall, og dessutan produksjon og forbruk av fossile brensler.

Ifølgje utrekningar frå styresmaktene, vil forslaget gjere at New Zealand når målet sitt om metanreduksjon på 10 prosent, som er skrive i Zero Carbon Act 2030. Federated Farmers meiner på si side at utsleppa frå jordbruk vil auke, dersom forslaget går gjennom.

– Riv vekk grunnvollane frå distrikts-New Zealand

På verdsbasis står utslepp frå husdyr for 14,5 prosent av drivhusgass-utsleppa, og sjølv om idéen kan verke god har statsministeren fått hard kritikk frå bøndene, som utgjer den største industrien i landet.

Interesseorganisasjonen Federated Farmers meiner forslaget vil «rive vekk grunnvollane frå distrikts-New Zealand» og at planen «kastar vekk to og eit halvt år med arbeid» frå industrien til å finne ei løysing.

– Planen har som mål å redusere saue- og storfe-produksjon i New Zealand med 20 prosent og meieriproduksjon med 5 prosent for å oppnå det uvitskapelege dratt-ut-av-hatten målet for nasjonale drivhusgassar, sa Andrew Hoggard, leiar i interesseorganisasjonen, ifølgje stuff.co.nz. 

Hoggard fryktar bønder kjem til å selje gardane sine og gje opp landbruket om forslaget vert vedteke.

Eit liknande skatteforslag har diskutert før då ein i 2003 prøvde det same, men det fekk sterk kritikk og vart lagt bort. Forslaget til den noverande statsministeren er på høyring til 18. november og foreslått å bli innført frå 2025.