Dette ville Ella gjort som klimaminister for ein dag

Me har spurt kva Ella Skjærvold (12) ville gjort dersom ho fekk vera klimaminister for ein dag.

– Eg bryr meg om miljøet – og vil verkeleg at det skal bli betre. At me saman skal klara å løysa klimaproblema, fortel Ella.

Ho gjer det ho kan for å tenka på miljøet i kvardagen.

– Søppelsorteringa heime er eg nøye på, og i førre veke drog me til ei strand med skulen. Då plukka me søppel både langs vegen, i skogen og på stranda, fortel ho. 

Arvar klede

Dersom ho var klimaminister for ein dag, ville ho få fleire til å handla meir brukt, og mindre nye klede og ting. 

– Søstera mi elskar bruktbutikkar, og eg pleier å bli med ho dit. Eg er også yngst i familien og dermed arvar eg mykje brukte klede frå søsken og søskenbarn. Å handla brukt og å arva klede, synest eg fleire burde gjera. Og dei som lagar klede må laga færre klede og klede som varer lenge. Då kan dei arvast i staden for at me må kjøpa nytt, seier ho.

Fast søppeldag

Ella er også opptatt av at fleire får byta ut gamle diesel- og bensinbilar med nye elbilar i garasjen. 

– Eg ville gjort elbilar billigare, og alle andre bilar dyrare, fortel ho.

Dersom Ella fekk bestemma, ville også Noregs befolkning fått ein fast dag i månaden der alle måtte ut i naturen for å plukka søppel. 

– Ein fast søppeldag hadde vore bra – og alle i heile landet må sortera søpla si heime. Så synest eg at folk berre skal reise med fly dersom dei må. Elles må dei bruka andre måtar å reisa på. Det siste eg ville bestemt, er at folk må eta meir planter og grønsaker – og mindre kjøt, seier Ella.