Det har levd flodhestar i England

Under førre mellomistid levde det flokkar med flodhestar i elva Themsen, som renn gjennom London.

På den tida var det ein varmeperiode som tok slutt for 115.000 år sidan, skriv geolog Reidar Müller i si nye klimabok.

Flodhestar kan i vår tid risikere å bli lagt til lista over dei mest truga dyreartane i verda, ifølgje britiske The Guardian.

Ein reknar med det lever kring 115.000-130.000 flodhestar i Afrika. Klimaendringar, tjuvjakt og handel med elfenbein trugar flodhestane.

No har ti afrikanske teke til orde for å lista flodhestar som ein truga dyreart. Dersom flodhesten vert rekna som truga betyr det eit internasjonalt forbod mot å handla med elfenbein eller andre kroppsdelar frå flodhesten.

GIF: Giphy.com