Sør-afrikanarar vil ha tilbake diamant

Steinen vart gitt til Storbritannia etter han vart funnen i Sør-Afrika.

Foto: Wikipedia

No er diamanten i septeret som dronning Elizabeth brukte. Fleire meiner diamanten eigentleg ikkje tilhøyrer Storbritannia, og at den må sendast tilbake til landet der den blei funnen.

Diamanten blir ofte kalla Great Star of Africa eller Cullinan I, og blei slipt ut frå ein større edelstein i Sør-Afrika i 1905 og gjeve til kongefamilien.

Då diamanten blei funnen, så var den på storleik av eit menneskehjarte.