9 av 10 har lært lite eller ingenting om kvenar på skulen

Har du lært om kvener på skulen?

Ein ny rapport frå Norges institusjon for menneskerettigheter viser at svært få elevar har lært om kvener på skulen.

Elevane har heller ikkje lært om skogfinnar, romar og romani/taterar på skulen. Dei er alle nasjonale minoritetar i Noreg.

Kvener er ei skandinavisk nemning som i mellomalderen vart brukt om eit finsk folk som heldt til i traktene rundt Bottenviken og som seinare vart brukt om menneske med finsk bakgrunn i Nord-Noreg og etterkommarane deira.

Kom til Noreg

Kvenene vandra frå Nord-Finland og Nord-Sverige til Nord-Noreg i løpet av fleire hundre år. Dei største bølgjene kom på 1700- og 1800-talet. Dei hadde ofte ein jordbruksbakgrunn.

Opphavleg er kvener eit gammalt folkenamn som er kjent allereie frå Ottars beretning som vart skrive ned ved hoffet til kong Alfred av Wessex på slutten av 800-talet. På norrønt vart forma kvenir eller kvænir brukt, medan dei vart omtalte som cwenas på gammalengelsk hos kong Alfred.

Kvensk busetjing i Noreg er dokumentert frå 1500-talet, men kan vera eldre.

(Kjelde: Wikipedia)