6 tips til å snakka om psykisk helse

Bjarte Notland Tjensvoll (15) sine seks tips til korleis ein kan snakka med venene sine om psykisk helse.

1: Ver ein trygg ven.

Vis venene dine at du bryr deg ved å inkludera dei, sende meldingar og vera ein god ven i kvardagen.

2: Still spørsmål

Du kan spørja venene dine om korleis dei har det, og seia frå om at du er der for dei viss dei har lyst til å snakka om noko. Men viss ein ven fortel deg noko alvorleg om psyken sin, er det viktig å seia frå til ein vaksen.

3: Gå rundt grauten

Av og til kan det vera lettare å snakka rundt det som er vanskeleg. Då kan ein hjelpe venen med å opne seg ved å stille vage spørsmål.

4: Ikkje snakk nedlatande om andre

Viss folk i venegjengen snakkar stygt om andre, kan det vera vanskelegare for ein ven å opne seg og vera sårbar.

5: Gå ein tur

Viss du sjølv har det tøft og treng å snakka med nokon, kan det vera lurt å invitera ein ven med ut på tur eller ein aktivitet. Det er betre enn å snakka over Snapchat.

6: Bli kjent

Kanskje legg du merke til at nokon utanfor venegruppa ikkje har det så godt, eller verkar utanfor. Då er det beste å gjera, å inkludera dei i venegjengen og på fritida eller friminutt