Dei fleste barn har ein dei kan snakke med om vanskelege ting

9 av 10 barn i Noreg svarar at dei har nokon dei kan snakke med om triste eller vanskelege ting.

Flest svarar at denne personen er mor.

Det viser rapporten Ungdata junior. I denne undersøkinga har dei spurt barn mellom 10 og 12 år over heile landet om korleis dei har det.

Dei aller fleste barn har det bra, men 11 prosent seier dei blir mobba kvar 14. dag eller oftare. Fleire seier òg at dei kjenner seg einsame og ikkje har det så bra.