Supernytt vann mangfaldspris – programleiar og rullestolbrukar Sally kom seg ikkje opp på scenen

«Sally» Salamatu Kamara (26) vann NRK sin interne pris for mangfald saman med resten av Supernytt-redaksjonen, men kom seg ikkje opp på scenen for å ta imot prisen. – Ein vekkar, seier kringkastingssjefen.

– Eg fekk panikk og gjekk derifrå med ei veldig vond kjensle, fortel Kamara til Framtida.no.

Saman med resten av NRK Supernytt og BlimE-redaksjonen fekk Kamara NRK sin eigen mangfaldspris. Prisen vart delt ut torsdag 25. august under NRK sin fagdag, der alle tilsette var inviterte til kantina.

Det som skulle vore ei gledeleg feiring, vart i staden audmjukande og skuffande.

All gleda forsvann

– Då me først fekk antydning til at me skulle vinne vart eg så glad og kjempegira! fortel Kamara på telefon til framtida.no.

Men på utdelinga byrja ho kjapt å leggje merke til at alle som vann, steig nokre centimeter då dei skulle gå fram og ta imot prisen ved mikrofonen. Dette stressa programleiaren som brukar rullestol.

– Eg skjønte at det måtte vere ein scene der. Då forsvann all gleda, eg byrja å stresse og bli nervøs.

Ho såg ingen rampe, og ingenting rundt scenen tyda på at ho kunne kome seg opp dit med rullestolen. Å bli boren var uaktuelt, fortel 26-åringen.

PRIS: Saman med resten av NRK Supernytt og BlimE-redaksjonen fekk Kamara NRK sin interne mangfaldspris. Foto: NRK

– Ein føler seg jo utanfor

Ho fortel at ho ikkje klarte å glede seg og sa til kollegaane at dersom det var ein scene ville ho ikkje bli med opp, men bli igjen i publikum.

– Ein føler seg jo utanfor, og føler at ein ikkje er teken med i rekninga. Me gjer så mykje bra for å fremje mangfald, men eg hadde ikkje eit fnugg av glede i magen fordi eg berre var nervøs for korleis eg skulle kome meg opp.

Ho rosar redaksjonen sin som tok situasjonen på strak arm. To stilte seg på scenen, og ein stilte seg på golvet framfor scenen saman med Kamara.

– Det var veldig spesielt å ta imot ein mangfaldspris på den måten og tok vekk mykje av gleda for alle oss i Supernytt. Eg følte at eg var med i ein South Park-episode, det er heilt vilt, seier Kamara.

Blei flau

Alle tilsette i NRK var inviterte, og programleiaren følte seg først skamfull over at alle hadde sett det som skjedde. Likevel er ho også litt glad for at det skjedde framfor alle, for no kan ingen seie at det ikkje faktisk er eit problem.

– Samstundes er det kjipt at det skjer på kostnad av den med funksjonsnedsetjing. Eg blei jo veldig flau.

Ho meiner dette reflekterer korleis samfunnet er, og viser kor lite ein tenker på universell utforming og tilrettelegging:

– Med mindre ein skal ha ein med funksjonsnedsetjing til noko spesielt, så tilrettelegg ein ikkje. Ting burde alltid vere tilrettelagt og tilgjengeleg for alle. Ein veit jo aldri kven som kjem og skal delta.

Kringkastingssjefen: – Dette var veldig uheldig

Ifølgje arbeidsmiljøloven § 4-6 skal arbeidsgjevarar sørge for at forholda på arbeidsplassen er slik at også folk med funksjonsnedsetjingar kan byrje i ledige stillingar. Det er ikkje første gong Kamara opplever å hamne utanfor grunna for dårleg tilrettelegging i NRK, men ho håpar det no er ordentleg endring i emning.

– Dette var veldig uheldig. Det blei ein veldig vond situasjon som blei ein viktig vekkar for oss alle, seier kringkastingssjef Vibeke Furst Haugen på telefon til framtida.no.

SJEF: Kringkastingssjef Vibeke Furst Haugen. Foto: Anne Liv Ekroll

Ho delte ut prisen og såg at det ikkje var tilrettelagt då prisvinnarane var på veg opp mot scenen. Sjølv kommenterte ho det frå scenen:

– Dette er eit veldig godt døme på at me ikkje er i nærleiken av der me skal vere, det er ikkje godt nok.

No har ho invitert Kamara, redaktør i NRK Super og tilgjengelegheitssjefen i NRK for å diskutere kva ein kan gjere framover for å unngå at det same skjer igjen.

Les heile saka på Framtida.no!