Flodhestar kan kome på lista over utryddingstruga dyr

Ti afrikanske land vil ha slutt på handel med bein og kroppsdelar frå flodhestar.

Flodhestar kan bli lagt til lista over dei mest truga dyreartane i verda, ifølgje britiske The Guardian.

Ein reknar med det lever kring 115.000-130.000 flodhestar i Afrika. Klimaendringar, tjuvjakt og handel med elfenbein trugar flodhestane.

No har ti afrikanske teke til orde for å lista flodhestar som ein truga dyreart. Dersom flodhesten vert rekna som truga betyr det eit internasjonalt forbod mot å handla med elfenbein eller andre kroppsdelar frå flodhesten.