Nye varmerekordar i Europa

I sommar var det ei valdsam heitebølge i Europa.

Varmen og tørken førte til store skogbrannar og helsefarlege temperaturar i fleire land. I Storbritannia vart det målt 40,3 grader, som er den høgaste temperaturen som nokosinne er målt i landet. Mange byar i Spania, Portugal og Frankrike sette også nye varmerekordar.

Forskarar peiker på at klimaendringane fører til varmare somrar og meir ekstremvêr.

I Spania og Portugal døydde 2600 menneske på grunn av varmen i løpet av to veker i juli. Flesteparten av desse var sjuke og eldre.

I Noreg merka vi ikkje så mykje til varmen, bortsett frå at nokre stader hadde temperaturar over 30 grader.

BRANNAR: Her på den greske øya Lesbos braut det ut ein stor brann i det varme vêret seint i juli.
Foto: NTB, AP Photo/Panagiotis Balaskas