Skrotar «Batgirl»-film

«Batgirl» var alt ferdig innspelt, men vart likevel skrota av filmselskapet.

Filmen der skodespelar Leslie Grace portretterer superhelten Batgirl skulle lanserast på strøymetenesta HBO Max, men tysdag denne veka vart det klart at filmen aldri vil nå sitt publikum.

Høgt budsjett, dårleg respons

Ifølgje britiske The Guardian er Batgirl ein av dei dyraste filmprosjekta som nokosinne er vorte skrota. Filmen vart spelt inn under koronapandemien, noko som har ført til kraftig auke i produksjonskostnadar. Budsjettet på 80 millionar amerikanske dollar, skal ha auka til nesten 90 millionar. Andre kjelder hevdar budsjettsprekken er enno høgare.

Kostnadane åleine skal ikkje vera grunnen til at filmen vart kansellert. Ei ukjent kjelde fortel til The New York Post at filmen vart skrota etter dårlege tilbakemeldingar på testvisningar.

Batgirl vart regissert av regissørane bak kritikarroste Ms. Marvel. Les om Marvels første muslimske superhelt her!

I TV-serien «Ms. Marvel» følgjer vi 16-årige Kamala Khan, ein amerikanar med pakistanske røter, som oppdagar at ho har superkrefter. Rolla blir spelt av Iman Vellani. Foto: Disney+ via AP