Bør tissing i havet bli ulovleg?

I Vigo i Spania, har dei tatt drastiske val for å få badegjester til å ikkje tissa i havet. Gjer du det, kan du enda opp med ei bot på heile 7800 kroner.

I den spanske kystbyen Vigo, risikerer du å få ei klekkeleg bot dersom du tissar i havet eller på stranda. Bota er på 750 euro, noko som svarar til litt i overkant av 7800 kroner, skriv The Telegraph.

GIF: giphy.com

Byrådet i byen har innført dei nye reglane, fordi dei meiner at tissing i sjøen skal reknast som eit brot på hygiene- og sanitærforskriftene.

Kor farleg er eigentleg tiss for havet?

For å unngå at badegjestene tissar i havet, skal det no installerast fleire offentlege toalett i området. Det er usikkert korleis styresmaktene i byen skal greia å halda styr på dei som er ordentleg tissetrengde – og dermed gjer sitt fornødne i havet.

Ifølgje BBC, består menneskeleg urin vanlegvis av opp mot 96 prosent vatn. Forskarar seier at risikoen for at tiss frå menneske, vil skada det naturlege miljøet og andre symjarar, er veldig liten. Det er jo faktisk millionar av havdyr som gjer det same kvar einaste dag! 

Dumping av kloakk i hava våre, er derimot eit miljøproblem.

Kva meiner du – er det dumt å tissa i havet? 

Bør tissing i havet bli ulovleg?

Bør tissing i havet bli ulovleg?

Ja32
Nei179
Eg veit ikkje27
Svar totalt: 238