Veit du kva tics er?

Ung.Forskning.no har spurt forskar og overlege Bernhard Weidle om kva tics er.

Det er viktig å vera open om at ein har tics.

– Nokre barn kan tenka at ingen bør få vita at dei har tics. Dei anstrenger seg for å gøyma det, men då blir det berre verre, seier han til Ung.Forskning.no.

– Viss ein forklarer kva tics er, blir det ikkje rart lenger

Bernhard har forska på barn med tics.

– Tics er ein sterk trong til å gjera bevegelsar eller laga lydar. Viss ein gjer begge delar, heiter det Tourettes. Ein kan ikkje noko for det, seier han.

I Noreg har rundt 4 av 1.000 12-åringar Tourettes-diagnose. I andre land har forskarane funne at det kan vera opptil 8 av 1.000 barn og unge.

TOURETTES: Artisten Billie Eilish har Tourettes. Foto: AP / Chris Pizzello

Som å nysa

Forskaren samanliknar diagnosen med å måtte nysa.

– Det klør skikkeleg i nasen, og du berre må få det ut. Du kan lata vera, men det er veldig herleg og lettande å få det ut, seier han.

Når ein har gjort det, får ein fred ei stund, og så kjem det på nytt att seinare. Tics kan gå på alle musklar i kroppen.

– Det kan vera alle tenkelege bevegelsar. Blunking, rørsler i augebrynet, munnen, nasen og grimasar. Det kan òg vera knipsing med fingrane, seier han til Ung.Forskning.no.

Vokale tics er tics med lydar. Nokre gjer snufselyder eller kremtelyder frå halsen. Hjå andre er det lydar som hundebjeffing, Donald-lydar eller stygge ord, ifølgje forskaren.

Kan bli kvitt tics

Bernhard seier at det finst måtar å bli kvitt tics på.

– Då må ein prøva å halda att ticsa, slik at kroppen ikkje får påskjønning ved å gjera det. Ein må halda ut spenninga, til det går over av seg sjølv, seier han.

Når kroppen forstår at han ikkje får påskjønning, kan ticsa slutta.