Gøy og sosialt med teater og dans på sommarleir

Noregs Ungdomslag har denne veka sommarleir på Trøndertun Folkehøgskole – med dans, teater og mykje gøy.

– Det er gøy å læra ting, og det er morsomt å vera med andre folk og få nye venner, seier Adrian (12) frå BUL Nidaros og Julie Mathea (12), Ronja (12 om sju dagar) og Oline (13) frå Vatne Ungdomslag, ifølgje ei melding frå Noregs Ungdomslag.

Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon med 14.000 medlemmar over heile landet, og har leigd inn dyktige instruktørar i folkedans, swing og teater. Denne veka har dei sommarleir for ungdom på Gimse i Melhus i Trøndelag.

Adrian, Julie, Mathea, Ronja og Oline likar seg på Sommarleiren til Noregs Ungdomslag. Foto: Beate Haugtrø / NU

Folkehøgskule på ei veke

På sommarleiren er det mykje moro og sosiale aktivitetar for ungdommane – i tillegg til mykje kjekt å læra.

Scenekunstnar, komponist og teaterinstruktør Gunhild Hjertås losar ei gruppe kursdeltakarar frå idé til teaterframsyning, medan folkedansar Tone Ingvaldsen og folkedans-, swing- og boogie-woogie-dansar Eirik Michelsen held dansekurs.

– No lagar vi dans og eit teaterstykke, fortel Julie Mathea.

– Førre gong hadde me impro, fortel Ronja.

Alle seier det er hyggeleg og bra på Sommarleiren. Dei fortel at instruktøren er snill og hyggeleg og at dei lærer mykje.

Grip mikrofonen

Ein kjekk aktivitet dei har gjort er «grip mikrofonen».

– Då set nokon på ein song, og så skal me ta mikrofonen og synga dersom me kan songen, fortel Ronja.

– Ja, og så får vi poeng, utbryt Oline. Ho vann ein vasspistol.

– Da blei me glade, smiler Julie Mathea. Dei viser fram den oransje vasspistolen som Oline vann på »grip mikrofonen».

Adrian i farta på scenen. Foto: Beate Haugtrø / NU

Reiste over seks timar i buss

Adrian er einaste deltakaren frå Trondheim. Han fortel at det har vorte lett å bli kjent med nye.

Julie-Mathea, Ronja og Oline kjem frå Vatne UL, dei fortel at dei har rundt 50 medlemmer.

Ti av dei er med på sommarleiren i år, og dei aller fleste er her for første gong. Dei har reist i 6-7 timar med buss for å koma hit, og synest absolutt det var verdt turen.

– Kva gler de dykk til på resten av leiren?

Etter å ha tenkt litt, er dei samde om at dei gler seg veldig til å bada! Det varmt i Trøndelag. Og sjøen og ei fin badestrand som heiter Øysand ligg ikkje så langt unna.

– Eg gler meg til hekleløpet, smiler Ronja. Det er eit løp der ein også skal hekla undervegs.