
– Det eg ønskjer meg aller mest, er at alle barn og unge får oppleve gleda ved god litteratur. Å lesa eller lytta til spennande forteljingar som endrar noko i oss er fantastisk, seier Åse Marie Ommundsen. Ho meiner lydbøker og papirbøker er like bra.
– Begge deler gir like gode leseopplevingar, seier professoren som les det meste av litteratur for barn og ungdom.
– Nokon strevar med å få med seg handlinga i historia når dei les bøker sjølv. Då kan det vera veldig fint å lytta til lydbok i staden for. Spesielt for dei som har lesevanskar er lydbøker veldig gode å ha, fortel Åse Marie som har forska på høgtlesing av bildebøker.

Foto: Aschehoug Undervisning
Få med deg historia
Åse Marie seier det er lurt å lytte til lydbok utan å gjere andre aktivitetar samstundes.
– Ei forteljing er ikkje bakgrunnsmusikk. Lytt, tenk og få med deg historia, seier ho.
Og startar du å lesa eller lytta til ei bok du ikkje vil halde fram med, finn ei ny bok.
– Eg er sikker på at alle kan finna ei bok eller lydbok som passar, men det er fint å be bibliotekaren om hjelp.
Både å lesa og å lytta til bøker gir god språktrening, ifølgje professoren.
Forskarar har òg målt kva skjer i hjernen når ein les eller lyttar til ei forteljing. Ein utviklar seg som menneske, og at ein blir betre til å leva seg inn i korleis andre føler seg.