USA er i sorg etter nok ein skuleskyting

Førre tysdag vart 19 barn og to lærarar drepne i ei skuleskyting på ein barneskule i Uvalde i Texas. Dessverre er dette langt frå den einaste masseskytinga som har skjedd i USA i det siste.

I mai månad var det 54 masseskytingar i USA. I april var det 66, skriv Newsforkids.

Det finst ulike definisjonar på kva ei «masseskyting» er. Vanlegvis blir det omtalt som ei  hending der «meir enn fire personar blir skadd eller drepne», som følgje av at nokon brukar eit skytevåpen.

Ut frå denne definisjonen, er det meir enn ein masseskyting kvar einaste dag i USA.

400 millionar våpen – 329,5 millionar menneske

Mykje av grunnen, er det enorme talet på våpen som finst i landet.

Totalt er det 400 millionar våpen i USA. Det er dobbelt så mange per person som i alle andre land.

Newsforkids skriv at mange amerikanarar meiner at det å eiga sitt eige våpen, er ein viktig del av livsstilen deira. Fordi den amerikanske grunnlova seier at folk kan «bera og eiga våpen», meiner dei at dei har rett til det.

Raquel Martinez trøystar dei to døtrene sine, medan mannen hennar, Daniel Martinez, trøyster sønene deira utanfor Robb Elementary School, torsdag 26. mai 2022. Dei fire barna var heime i fleire dagar etter hendinga. – Dei er redde, sa ho. Foto: AP Photo/Wong Maye-E

Vil ha strengare reglar

Skuleskytinga i Uvalde har starta ein ny nasjonal debatt som handlar om tilgangen til skytevåpen.

Hundrevis av elevar på forskjellige skular i USA har demonstrert med å forlata klasserommet, og fleire store politikarar har sagt at det er nødvendig å endra våpenpolitikken i USA, skriv Framtida.

Mange meiner at det burde ha vore reglar for kva våpen ein har lov til å eiga, og ei aldersgrense for kor gamal du må vera for å kjøpa eit våpen.

Grunnlova vart skrive på eit tidspunkt der det ikkje fanst angrepsvåpen, som no er populære blant dei som eig våpen i USA. Sjølv om våpena i dag er blitt kraftigare og meir dødelege, har ikkje grunnlova endra seg.