Ny avskogingsrekord i Amazonas

Brasil har sett ny rekord for felte tre i regnskogen i Amazonas.

Avskoginga i Amazonas nådde ei ny toppmarkering førre månad – sjølv om april normalt sett er ein dårleg hogstmånad grunna regntid. Det bekreftar tal frå styresmaktene i Brasil, ifølgje BCC Newsround.

Mengda skog som vart fjerna førre månad, var nesten det dobbelte samanlikna med hogsten som skjedde same månad for eit år sidan.

Presidenten er for hogst

Noverande president i Brasil, Jair Bolsonaro, er ikkje særleg bekymra for å vera ansvarleg for å hogga ned den viktige regnskogen i Amazonas. Han argumenterer mellom anna med at meir jordbruk og meir gruvedrift i Amazonas, vil redusera fattigdommen som er i området.

– Eg har ikkje noko håp for Bolsonaro. Han gjer politisk vinning på å øydeleggja Amazonas, skogvernet og miljøreguleringar, sa Marcio Astrini til Vårt Land i 2021. Han er generalsekretær i Brasils største nettverksorganisasjon for klima og miljø.

Sidan presidenten kom til makta for tre år sidan, har avskoginga i landet auka med heile 75 prosent.

Bekymrar forskarane

Dette bekymrar forskarar over heile verda, som meiner at Amazonas er avgjerande for om me skal greia å bremsa klimaendringane.

Ein av forskarane som er bekymra heiter Mariana Napolitano. Ho jobbar i World Wildlife Fund.

– Dette talet er ekstremt høgt for denne perioden av året. Det er eit varsel om det enorme presset som skogen er under, seier ho.