Ava (9) utforska JordLab på VilVite i Bergen

– Viss du plukkar opp to hender fulle med jord, har du meir liv i hendene enn det er folk på jorda, fortel biolog Sabine Haake.

3 jordfakta:
  • Jordsmonnet bidreg til å reinsa vatnet me drikk og lufta me pustar i – heilt gratis. 
  • Jord er grunnlag for cirka 90 prosent av all matproduksjon. Sunn jord gir sunn mat. 
  • Det tek cirka 15.000 år for naturen å danna 1 meter jord.
LES FAKTALUKK FAKTA
Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

I jorda finn du nemleg milliardar av dyr, insekt, sopp, bakteriar og andre organismar. Desse gjer ein superviktig jobb for å bryta ned til dømes blad som hamnar på bakken om hausten. Slik lagar dei næringsrik jord til neste plante som skal veksa opp.

Heidi Berentzen, som er Ava og veslebror Storm si mor, jobbar på VilVite. Denne dagen blei dei med ho på jobb for å møta Sabine som er biolog og formidlar på senteret. Ho har hatt ansvar for å laga JordLab.

Viktig meitemark

På første stasjon i labben studerte Ava, Storm og Sabine meitemarken med lupe.

– Eg fekk halda ein meitemark i handa, og i glassylinderen såg eg korleis han lagar gangar under jorda. Eg lærte at han ikkje likar sand, og at han et og bæsjar for å laga jord. Slik kjem han seg ut av sanden, ler Ava.

Sabine fortel at meitemarken helst vil vera i det som blir kalla basisk jord. pH-skalaen går frå 1–14, der 1 er surast og 14 er mest basisk. 

SPENNANDE: Ava bruker alle sansane for å bli kjent med jorda. Jordekspert Sabine forklarar kvifor meitemarken er så viktig. Foto: Heidi Berentzen

– Meitemark likar seg aller best i jord som har pH mellom 5 og 8, fortel Sabine.

Skitten og ekkel

Sabine er glad for at Ava og andre barn får sjansen til å lære meir om jorda i labben.

– Me treng å bruka heile kroppen for å læra om naturen. Me må ta på, lukte, sjå og føla. I labben får me snakka om og vist fram det livet me vanlegvis ikkje ser eller tenkjer på, fortel ho.

Sabine opplever at mange kjem inn i JordLab og tenkjer på jorda som noko me bli skitne av. Men, dei aller fleste går ut med ei heilt anna oppleving av kva jord er.

– Visste du for eksempel at meitemarken lagar gangar slik at alt som lev i jorda får pusta?, spør Sabine engasjert.

RØTER: Storm vaskar røter på ei ertespire. Heidi Berentzen

Ho har samla meitemark i ei knukke – slik at barna kan halda dei. 

– Me får alltid mange spørsmål. Som «kan dei laga lyd?» og «lev begge delane viss marken blir kutta i to?». Barn er nysgjerrige, og her får dei svar på spørsmåla, fortel ho.

Lange røter

I ein annan del av labben fekk Ava vaska jord av røter frå ertespirer. For – korleis ser eigentleg planta ut under jorda? 

– Røtene er små, harde og glatte. Eg lærte at dei veks så mykje at dei må ha større potte etter kvart. 

MIKROSKOP: Ava må bruka mikroskop for å sjå nokre av dei minste organismane i jorda. Foto: Heidi Berentzen

Faktisk så er det slik at tre «snakkar saman» gjennom eit nettverk av sopp og røter under jorda.

– Jorda har eit heilt spesielt nettverk som blir kalla «wood wide web». Det du ser av ein sopp som veks i skogen er berre ein liten del av den. Nede i jorda finst det enorme område av sopptrådar som er bundne saman. Trea brukar dette soppnettverket til å snakka saman. Dei kan senda næringsstoff og alarmsignal til kvarandre viss eit tre for eksempel blir skadd eller angripen av insekt, fortel Sabine.

Soppnettverket og trerøtene hjelper òg trea med å få tak i vatn og næringsstoff, og som betaling får dei tilgang til sukkeret som trea produserer gjennom fotosyntesen. I tillegg er soppnettverket òg eit digert karbonlager som hjelper til med å redusera CO₂ i atmosfæren.

– Jord, og spesielt myra, er eit stort, viktig lager for karbon. Når det ikkje veks planter i jorda, har den mindre karbon. Dermed lagrar den mindre CO₂. Derfor er det så viktig at me tek vare på naturen, fortel Sabine.

LUPE: For å sjå dei minste detaljane er det skikkeleg fint å ha ei lupe. Foto: Heidi Berentzen