Å ha eit fritt land er best!

Fridom er noko alle vil ha. Det er det å vera fri som mange liker. Å ha fri frå jobb er noko, men å ha eit fritt land er best. Å bu i eit fritt land.

Norge er eit fritt land. Me er ikkje i union med noko land.

Me slepp å bli styrt av danske kongar. Men det gjorde me ikkje før. Frå 1537 til 1814 var Noreg styrt av Danmark og danske kongar som styrte både Danmark og Noreg. Men den 16. mai 1814 var 112 menn samla på Eidsvoll for å skriva ei grunnlov.

Det var ingen damer der. Damer hadde ikkje rett til å seia og ha si eiga meining på den tida. Men no har dei det. Då dei skreiv Grunnlova skreiv dei ikkje berre ei lov, men mange.

I dag er forsatt Noreg eit fritt land. Å vera fri handlar om å kunna gjera det ein vil, men ikkje slemme ting. Ein slepp å bli tvunge til å gjera ting ein ikkje vil. På 17. mai oppfører me oss annleis enn me gjer andre dagar. Me går i bunad og dress og røde, kvite og blå identitetsmarkørar. Men me skifter ikkje berre klede, me skifter også haldningar. Me er opplært til at me ikkje skal hevda oss.

Verdiane våre og demokratiet vårt har gjort oss frie, men også bekymringsfrie. Det er Noreg i raudt, kvitt og blått.

Innlegget vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om beste 17. mai-tale.