Romfart: 11 viktige vitskapsfolk

Norsk Romsenter har laga ei superkul oversikt over viktige folk innan romfart. 

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Nicolaus Copernicus (1473 -1543 Polen)

Foto: Toruń Regional Museum / Wikimedia Commons

Copernicus bli ofte kalla «faren til den moderne astronomien». Det er fordi han laga ein modell slik at ein kunne sjå at det var sola som var sentrum av solsystemet vårt og ikkje jorda. På den tida han levde var det ganske moderne å tenka slik. Copernicus var ikkje berre astronom, han hadde mange yrke: matematikar, jurist, økonom, strateg, lege, poet, astrolog, tolk, ein type prest, guvernør, administrator og soldat. Ein kan lura på korleis han fekk tid til alt dette. 

 

Galileo Galilei (1564 – 1642 Italia)

Bilde: Giuseppe Bertini

Galileo var den første som laga eit ordentleg teleskop. Galileo er òg kjent for at han tura å seia ei upopulær sanning høgt, sjølv om dei som hadde mykje makt i landet forbaud det. Galileo meinte at jorda gjekk i bane rundt sola, ikkje omvendt – og det gjorde den jo òg. Likevel vart han dømd til å sona ein type fengselsstraff som blir kalla husarrest. Paven, han som hadde mykje makt i Italia på den tida, var redd for at Galileo´s teori skulle utfordra læra til kyrkja. Derfor vart Galileo dømt til å vera innestengt i ei leilegheit i Vatikanet i Roma resten av livet.

LES OGSÅ: – Min helt er Albert Einstein

 

Johannes Kepler (1571 – 1630 Tyskland)

Foto: Public domain / Wikimedia Commons

Kepler fann ut at planetane slett ikkje gjekk i sirkelbanar rundt sola, men i ellipsar. Dette er ein av dei kjente «Keplers lover». Johannes voks opp med ein veldig spesiell og sær mor. Fordi ho var så rar, vart ho dømd for hekseri, men vart heldigvis frikjent eit år seinare.

 

Isaac Newton (1643 – 1727 England)

Foto: After Godfrey Kneller / Wikimedia Commons

Newton oppdaga at bevegelsen til objekt på jorda og objekt i himmelrommet følgjer dei same fysiske lovene. Det var han som fekk eit eple i hovudet og på grunn av det forstod at det måtte finnast ein tyngdekraft – gravitasjonslova. Han fann òg ut at kvitt lys inneheld alle fargane i verda.

 

Edmund Halley (1656 – 1742 England)

Foto: Richard Phillips / Wikimedia Commons

Halley er mest kjent for å ha oppdaga og funne ut masse om ein komet som vart kalla opp etter han. Han var òg oppfinn og kompis av Isaac Newton.

 

 

 

Henrietta Swann Leavitt (1868 – 1921 USA)

Foto: Public domain / Wikimedia Commons

Leavitt oppdaga at lysstyrken til ei blinkande stjerne er forbunden med kvar ofte ho pulserer. Dette betydde mykje for astronomien. På grunn av Henriettas oppdaging, så kan ein no rekna ut avstandar mellom galaksar og stjerner, og ikkje minst storleiken på mjølkevegen. Både asteroiden «5383 Leavitt» og krateret «Leavitt» på Månen vart kalla opp etter henne.

 

Albert Einstein (1879 – 1955 Tyskland)

Foto: Photograph by Orren Jack Turner / Wikimedia Commons

Sjølv om Einstein ikkje likte skulen så veldig godt då han var liten, vann han nobelprisen i fysikk i vaksen alder. Den mest berømte teorien han laga var relativitetsteorien. Han meinte at farten til lyset er konstant. Dette førte til at tidlegare oppfatningar om tid og rom vart «snudde heilt på hovudet». Energi har «masse» og derfor er «masse» ei form for energi. Denne geniale teorien gjorde det mogleg å forstå mange fenomen i verdsrommet.

 

Edwin Hubble (1889 – 1953 USA)

Foto: Johan Hagemeyer / Wikimedia Commons

Hubble fann ut at universet er mykje større enn det vi i utgangspunktet trudde. Han fann òg ut at jo lenger unna ein galakse er, jo raskare rører han seg frå mjølkevegen – mellom anna fordi universet utvidar seg. Hubble fekk kalla opp kanskje verdas mest kjente teleskop etter seg.

 

Mary Sherman Morgan (1921 – 2004 USA)

Foto: Norsk Romsenter

Morgan voks opp på ein fattig gard i Nord-USA i ei tid der det ikkje var vanleg at jenter kunne bli rakettforskarar. Likevel var Mary ein av dei viktigaste rakettforskarane på 1950 og 1960-talet. Ho hjelpte USA i romkappløpet ved at ho fann opp drivstoffet som heiter hydyne. Dette stoffet vart brukt for å skyta opp USAs første satellitt i bane rundt jorda, nemleg Explorer 1. Det triste og spesielle med denne historia er at Mary ikkje har fått nok skryt og er nesten ikkje kjent.

 

Carl Sagan (1934 – 1996 USA)

Foto: NASA/JPL / Wikimedia Commons

Kjendisastronomen, Sagan, oppdaga mellom anna dei ekstreme temperaturane på Venus. I tillegg til å gjera vitskaplege oppdagingar, skreiv han masse bøker som passa for alle som var interessert i astronomi, ikkje berre bøker for astronomar og andre forskarar. Han var mykje på TV og var utruleg flink til å fortelja om astronomi.

 

Stephen Hawking (1942 – 2018 England)

Foto: NASA / Wikimedia Commons

Han var ein britisk fysikar og matematikar. Hawking var den som fann ut om det store mysteriet vi har i verdsrommet: nemleg svarte hol. Hawking lei av ein sjukdom som gjer at han måtte sitja i rullestol store delar av livet og ikkje kunne kommunisera med omverdenen slik du og eg kan. Med hjelp av spesiell språkcomputer som blir styrt av auga og enkelte musklar i ansiktet hans, gjorde han utrulege arbeid innan fysikk og matematikk.