– Min helt er Albert Einstein

Framtida Junior har snakka med Terje Wahl som er fagdirektør for forsking og jordobservasjon ved Norsk Romsenter. Korleis har kjende vitskapsfolk inspirert han?

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Allereie då Terje var 12 år visste han at han ville jobba med realfag. Realfag er fag som matematikk, biologi, fysikk, kjemi, geofag, informasjonsteknologi og astronomi. Etter studiane vart han forskar. No er han ekspert på satellittar.

– Vitskapsfolk som Isaac Newton, Galileo Galilei og Johannes Kepler var førebilete for meg. Men, det var ein som var viktigare enn alle andre – nemleg Albert Einstein, fortel han.

Albert Einstein. Foto: Photograph by Orren Jack Turner / Wikimedia Commons

Terje er spesielt imponert over Einstein sin relativitetsteori som handlar om at Einstein meinte at farten til lyset er konstant. Dette førte til at tidlegare oppfatningar om tid og rom vart «snudde heilt på hovudet».

– Han kom med mange rare spådommar, som ein aldri fekk testa ut i hans levetid. Men, ved hjelp av moderne teknologi er det bevist at han hadde heilt rett.

Menn og kvinner

I oversikta til Norsk Romsenter er det ni menn og berre to kvinner. Kvifor er det slik?

– Her hos oss er det like mange menn og kvinner i arbeid. Men, slik var det ikkje før. Då var det ikkje vanleg at jenter fekk utdanning innan realfaga. Mange fekk ikkje utdanning i dei heile, fortel han.

Terje fortel at kvinnene som utmerka seg som viktige vitskapsfolk, ofte ikkje fekk æra for arbeidet dei gjorde.

– Eit godt døme på dette er Mary Sherman Morgan. Ho fann opp drivstoffet som heiter hydyne. Dette stoffet vart brukt for å skyta opp USAs første satellitt i bane rundt jorda, fortel Terje.