Subwoolfer gjekk vidare til Eurovision-finalen

Norske Subwoolfer gjekk vidare frå Eurovision-semifinalen i Torino tysdag kveld.

Subwoolfer gjekk vidare med songen «Give That Wolf A Banana». 

Eurovision, eller Melodi Grand Prix som me kallar det her i Noreg, blir arrangert for 66. gang sidan det vart arrangert første gang i 1956.

Sjå opptredenen til Noreg her: 

Fest i Torino

Årets finalar finn stad i Torino, Italia, etter at det italienske rockebandet Måneskin vann Eurovison-finalen 2021. Sjølve finalen finn stad laurdag 14. mai i innandørsarenaen Pala Olympico.

Men før artistane kjem så langt, må alle som ikkje er førehandskvalifisert, gjennom to semifinalar. Den neste semifinalen er torsdag 12. mai.

Så langt er Noreg vidare saman med følgjande land: Sveits, Armenia, Island, Litauen, Portugal, Hellas, Ukraina, Moldova og Nederland.