Taliban beordrar kvinner å bera heildekkande burka

Talibans øvste leiar beordrar kvinner til å bera heildekkande burka ute blant folk, melder AFP.

– Dei burde ha på seg ein chadori (heildekkande burka) sidan det er tradisjonelt og respektfullt, seier Haibatullah Akhundzada, Talibans leiar, i ei utsegn.

Dette er eit av dei strengaste tiltaka som er pålagt livet til kvinner sidan dei islamistane tok makta i Afghanistan i 2021, skriv byrået.

Bryt løfte

Dette er ikkje første gong Taliban bryt løfte eller innfører strengare reglar. Då dei tok kontroll over Afghanistan, lova dei at jenter skulle få gå på skule. I april kom det fram at dette løftet er brote.

Taliban er ei ekstrem islamsk religiøs gruppe som har tatt i bruk krig som metode for å nå måla sine.