Desse bunadane er kjønnsnøytrale

Embla Bunader lagar kjønnsnøytrale bunadar til dei som vil ha ein unisex versjon på 17. mai. Men, det er ikkje alle som er enig i at plagget kan kallast ein bunad.

– Reaksjonane har vore nesten udelt positive. Mange har sendt melding og takka oss. Og då er me glade for at me laga denne bunaden, seier Marianne Lambersøy til NRK. Ho er dagleg leiar i Embla Bunader.

– Me meiner denne følgjer kriteria for ein bunad med omsyn til søm, stoffar og interesse, seier Lambersøy.

Festdrakt eller bunad

Camilla Rossing, som er leiar for Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, meiner at den kjønnsnøytrale bunaden kan kallast ein bunad, viss folk bruker han som ein bunad.

– Sjølv om vi jobbar med noko historisk, må bunaden kunna tilpassast moderne menneske, seier ho til NRK.

Men det er ikkje alle samde i.

– For å kalla det ein bunad, må det vera historikk rundt det. Dette er ein festdrakt, meiner Hilde Øya, Ho er dagleg leiar i Heimen Husflid.

– Folk må få lov til å gå med det dei vil, men eg vil anbefala å kalla det ein festdrakt, seier ho.