Forskarane anar ikkje korleis sverdfisken brukar sverdet sitt

Sverdet til sverdfisken har ein sentral rolle i jakta på mat – men kva rolla faktisk er, er det ingen som veit.

Sverdfisken – denne rare fisken som er utstyrt med eit langt, skinande sverd, er ein litt mystisk art.

Og framleis er det slik at forskarane ikkje veit heilt sikkert korleis han nyttar sverdet for å fanga fisk på ein effektiv måte, skriv Havforskingsinstituttet. 

Gir det han fordeler i jakta på mat? Spiddar han byttet sitt under vatn? Enn så lenge er det spørsmål som ikkje har eit klart svar.

Spiddar ikkje byttet sitt

Forskarane har likevel funne ut at det skarpe sverdet har ein sentral rolle i jakta på mat. Det dei også veit, er at sverdet eigentleg er overkjeven til sverdfisken. Det kan bli opp mot ein halv meter langt, noko til tilsvarar omlag ein tredjedel av lenga til fisken.

GIF: giphy.com

Sjølv om ein kanskje skulle tru det, brukar ikkje sverdfisken sverdet til å spidda anna fisk.

Dette er alternativ til måtar forskarane trur han kan bruka det på:

  • Sverdfisken sym roleg bak ein stim med mindre fisk. Ved å luska seg innpå, kan han lura fisken til å tru at sverdet er ein av dei andre fiskane som sym i stimen. Slik leiar sverdfisken bytet sitt vekk frå stimen, og sluker fisken i ei rask rørsle.
  • Sverdfisken veivar rundt med sverdet inne i ein stim. Slik kan den slå fiskane i svime eller til døden.

Største individ var over 500 kilo

Sjølv om sverdfisken i utgangspunktet er ein fisk som trivst best i varme vatn, er det blitt observert fleire individ i Noreg og i kaldare vatn.

Visste du at han kan bli opp mot 500 kilo tung? Det tyngste individet som er oppdaga, hadde ei vekt på 530 kilo! Når han er ute på symjetur, jaktar arten som regel åleine eller i mindre grupper. Og sidan han kan bli såpass stor – treng han mykje mat for å veksa.

Ung sverdfisk veks ekstremt raskt og kan oppnå ei vekt på om lag 30 kg allereie etter 3 år, og blir kjønnsmoden mellom 3–6 år gammal.