Denne roboten hoppar rekordhøge 30 meter opp i lufta

Denne roboten kan hoppe tre gonger så høgt som den forrige rekordhaldaren.

– Motivasjonen bak forskinga kom frå eit vitskapleg spørsmål. Me ville finna ut kor høgt ein robot faktisk har moglegheit til å hoppa, seier hovudforfattaren av studien, Elliot W. Hawkes.

Eit team med forskarar frå University of California, har gått saman om å laga ein robot som er ekspert på å hoppa høgt. Det skriv Smithsonian Magazine i ei sak.

Her kan du sjå ein video av roboten:

Brukar ein motor

Studien om den hoppande roboten vart nyleg publisert i tidsskriftet Nature, og der tek forskarane for seg korleis dei har gått fram i utviklinga. I staden for å sjå på gode hopparar i dyreriket, har dei brukt ein motor som utgangspunkt.

Denne motoren lagrar energi og trekkjer saman ei fjør, som er laga av mellom anna eit gummiband. Når utløysarmekanismen låsast opp, blir roboten slengt opp i lufta.

Ved å bruka motoren i staden for å sjå til gode hopparar i dyreriket, har forskarar laga ein robot som kan hoppa mykje høgare enn eit dyr.

Kan brukast i verdsrommet

I tillegg til at dei har laga ein god hopperobot, har forskarane funne ut at teknologien dei har nytta, også kan brukast til andre ting. Dei meiner han kan brukast til å komma seg rundt hindringar, både på jorda og i verdsrommet.

Då tyngdekrafta er svakare på månen enn på jorda, trur forskarane at roboten kunne hoppa enda høgare i verdsrommet.

– På jorda kan den hoppande roboten komma forbi hindringar, som tidlegare berre flygande robotar kunne komma seg forbi. På månen ville hoppet til roboten vore enno høgare enn på jorda, og me tur det er snakk om 125 meters høgd, skriv dei i studien.