Rekordmange påmelde til barnetoget i Oslo

30.000 barn skal delta i barnetoget som endar framfor slottet i Oslo på 17. mai. Det er første gong sidan 2019 at barnetoget blir gjennomført – og talet på marsjerande barn held også til påmeldingsrekord.

Endeleg blir det moglegheit til å feira 17. mai som normalt.

At det er mange som er glad for at me no er tilbake til normale tider, viser seg i påmeldinga til barnetoget i Oslo.

I år er nemleg heile 130 skular meldt på, noko som held til ny påmeldingsrekord.

Den førre rekorden var 123 skular i 2017, skriv NRK i ei sak.

To uvanlege 17. mai-feiringar

Rekorden kjem etter to heller uvanlege 17. mai-feiringar. Kanskje hugsar du spesielt den første 17. mai-feiringa som vart noko annleis grunna korona. I 2020 var det ulovleg med barnetog, og alle nordmenn vart oppfordra til å synga nasjonalsongen kl. 13.00.

I fjor var korona-situasjonen den same som året før, men det som var annleis var at dei vaksne og mest utsette i Noreg hadde fått det første vaksinestikket.

SKOGLIV: Frå venstre: Tarjei Mo Batalden, Tobias Laundal og Erlend Pilø. Foto: Skogliv

Det var dermed litt mindre strengt, men ein måtte framleis halda avstand til andre.

Kanskje var nettopp det grunnen til at 17. mai-feiringa til Skogliv i Minecraft, truleg var det største arrangementet på nasjonaldagen i fjor. Heile 37.000 spelarar var innom 17. mai-toget deira.

Blir ei stor oppleving

Ordføraren i Oslo, gler seg stort over påmeldingsrekorden til barnetoget i 2022.

Ho fortel til NRK at den kommande nasjonaldagen blir ei stor oppleving. Spesielt for borna som enno ikkje har opplevd å gå i barnetoget på grunn av pandemien.

– Det å ha 30.000 barn som feirar demokratiet vårt, fred og samhald er jo ekstra viktig no når mange opplever utryggleik grunna krig og konflikt, seier ordførar

Marianne Borgen, før ho tydeleg legg til:

– Det er ingen grenser for kor mange is barna kan eta på 17. mai.

Skal du gå i tok på 17. mai?

Skal du gå i tok på 17. mai?

Ja, sjølvsagt!74
Nei, det vil eg ikkje.40
Har ikkje bestemt meg.6
Svar totalt: 120