Desse elevane har e-sport på timeplanen: – For meg er dette draumen

Korleis er det å gå på ein skule der mange av timane handlar om e-sport, og der alt er lagt opp for at ein skal ta nye steg for å bli betre? Me har tatt oss ein prat med tre elevar som gjer nettopp det.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Breiddespeling er artig. Men etter kvart kjem ein til eit punkt der ein må velja om ein vil gjera det for moro, eller å satsa for å bli betre. Du kan samanlikna det med om du vil satsa, eller ikkje satsa på fotball, seier Kaspar Seip (18).

Han, Erik Skar (16) og Oliver Mjøen (16) var alle i ein situasjon der dei kjende på ei lyst til å bli betre i gaming.

Å søka seg inn på toppidrettslinja med e-sport ved Tiller vgs. i Trondheim, var derfor eit heilt naturleg val då dei fekk moglegheita. Og moglegheita – den er ganske ny.

For gutane er nemleg i den første puljen av e-sport-elevar ved Tiller.

– Me blir nesten som forsøkskaninar, fortel dei.

Stort nettverk: – Nettverket mitt består nesten berre av folk som driv med e-sport. Her i Trondheim har me mellom anna ein egen e-sport-bar, der me kan treffast fysisk for å vera sosiale. Det er eit mijø som gjer at du blir introdusert for nye folk heile tida, seier Kasper.

Variert skuledag, men alltid fokus på e-sport

Erik, Kaspar og Oliver har ein veldig variert skulekvardag. Dei har fagdagar med e-sport to dagar i veka, i tillegg til vanlege fag som treningslære, kroppslære, matte, norsk og samfunnsfag. Læreplanen deira er lagt opp for å lura inn e-sporten i fleire av dei vanlege faga, noko som gjer at elevane føler på ein heilskap.

– Me kan mellom anna ha oppgåver om statistikk frå spelet vårt i matte-timane, eller læra om kjønnsroller i e-sport i samfunnsfags-timane, seier Erik.

Gutane synest ikkje det er rart at e-sport fell under idrettslinja. For er det noko dei har lært – så er det at den fysiske og mentale helsa heng tett saman.

– Lett å tru at det fysiske ikkje er så viktig

– Viss du har ein fysisk godt trent kropp, oppnår du også betre resultat i spelinga. Det er lett å tru at det fysiske ikkje er så viktig for å spela, men det er det, seier Oliver.

I tillegg til ein godt fysisk trent kropp, nemner dei ord som dedikasjon, innsats, struktur og vilje for å bli god. Dei er samde om at kunnskapane kan nyttast i mange spennande yrke.

– Me blir gode på kommunikasjon, på alt som handlar om kroppen, til å samarbeida og å reagera fort. I tillegg kan store it-kunnskapar trekkjast fram, fortel dei.

Likevel er det nettopp ein karriere innanfor e-sport som er det store målet.

– Eg fekk ofte høyra at «det er like stor sjanse for at du blir fotballproff». Men dette trur eg er feil. No når e-sporten framleis er i startfasen, trur eg det er mykje lettare å bli god her. For meg er i alle fall dette draumen, seier Kaspar.

Elevane tipsar – slik blir du god i e-sport:

  • Set deg godt inn i spelet og les oppdateringar.
  • Lær å spela aleine, men også som lag.
  • Terp på det som er vanskeleg. Mengdetrening er kjempeviktig.
  • Ikkje gløym å trena fysisk. Det er like viktig som å trena på spelet.
  • Skaff deg gode støttespelarar i f.eks. foreldra dine. Det kan vera slitsamt om du ikkje får støtte frå dei næraste.
  • Gjer det artig. Når du er barn er det viktigaste å bruka tid på kvantitet over kvalitet i spelinga.
  • Sosialiser deg og skaff deg eit nettverk.
  • Hugs å ta pausar.