Likar du å sjå på kviser som blir poppa?

Ung.Forskning.no har spurt ein forskar om kvifor nokon likar å sjå på at andre klemmer puss ut av kvisene sine.

– Det er jo litt spennande. Ein kan samanlikna det med å sjå på spenningsfilm. Me trykker, så sprekk det. Det er ekkelt, men du er ikkje med på det sjølv, og du har kontroll over situasjonen, seier hudlege Jon Anders Halvorsen til Ung.Forskning.no.

Halvorsen har forska på kviser, og er forfattar av boka «Huden er guden».

Kick av å sjå på

– Eg trur mange kan oppleva eit kick når du klikkar på videoen, og så sprutar det ut noko som er ekkelt, men likevel litt fascinerande. Det kan gi eit adrenalinkick, som eg trur er grunnen til at mange veljar å sjå på det, seier Halvorsen.

Han trur at mange opplever det som tilfredsstillande å sjå at puss blir fjerna frå kroppen.

Rein hud

– Huda kan opplevast som reinare og friskare når kvisene er klemde ut. Me menneske forbind det som er reint med å vera frisk. Mens det som er skittent, blir forbunde med sjukdom, forklarar hudlegen.

Ei kvise må ikkje vera betent. Men vi koplar ofte puss med infeksjon, og det ønsker vi å kvitta oss med.

– Det generelle rådet er at me ikkje skal klemma og pressa for mykje på kviser.

– Det aller beste er å la det gå sin gang heilt av seg sjølv. Slik blir det minst mogleg arr og irritasjon i huda, seier Halvorsen.