Newton-Ane: – Lag deg ei luftkanon!

Ane Norum Kvistad (23), frå NRK-programmet Newton, lærer deg eit kult vitskapleg eksperiment som du kan gjera sjølv heima på kjøkenet!

Kva skjer? 

– Når du slepp ballongknuten i hinna på botnen, blir ein luftstråle pressa gjennom det sirkulæret holet. Då vil luftmolekyla som treff kanten bremsa, medan luftmolekyla i midten vil røra seg med auka fart og blåsa ut lyset viss du siktar rett, fortel Ane.

Du treng: 

  • Ein plastkopp/pappkopp
  • Ballong
  • Teip
  • Saks

Slik gjer du:

Klipp eit lite rundt hol i botnen av koppen. Det er viktig at holet er rundt med jamne kantar, og at det er plassert i midten av botnen. Kanskje kan ein vaksen hjelpa deg?

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Lag ein knute på ein uoppblåst ballong, som du ville gjort om han var full av luft

Klipp bort ein del av den runde enden.

Trekk ballongen over toppen av koppen med knuten midt på, og teip den godt fast til koppen. Det må vera heilt tett, slik at inga luft slepp ut.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

No er luftkanonen din klar! Klarar du å blåsa ut eit lys med luftkanonen? Tenn eit lys og sikt. Kvar langt unna kan du stå?

Foto: Vegard Blakstad/NRK

EKSTRATIPS 1: Bygg eit korthus, og riv det ned med luftkanonen.

EKSTRATIPS 2: Blås opp den andre ballongen og balansar han på kanten av eit bord, slå på ballonghinna og prøv å få den oppblåste ballongen til å falla ned frå bordet.

EKSTRATIPS 3: Tenn ein fyrstikk, blås han ut og plassar den sløkte fyrstikken inn i koppen slik at koppen blir fylt med røyk. Tapp lett på ballonghinna med fingeren din. Klarar du å laga ringar av røyken?