Dataspeling mot angst

Forskarar ved NTNU i Trondheim har studert 900 barn for å finna ut om det er ein samanheng mellom mykje speling og psykiske problem.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Forskarane fann ut at dei som hadde spelt veldig mykje dataspel då dei var yngre, hadde mindre teikn til angst enn andre barn.

– Dei som hadde fleire symptom på til dømes angst eller depresjon hadde ikkje større sjanse til å utvikla symptom på “Internett Gaming Disorder” (spelavhengigheit). Me såg òg at ti og tolvåringar som hadde fleire symptom på spelavhengighet, utvikla færre symptom på angst to år seinare, seier ein av forskarane, Beate Hygen, til NRK.

Internett Gaming Disorder (spelavhengigheit på norsk) er ein diagnose ein kan få viss gaming går ut over skule eller vennskap. Dei som strevar med dette klarer ikkje å slutta sjølv om dei veit at spelinga går ut over korleis dei fungerer elles i kvardagen.

GIF: Giphy.com