Svært nøgd med innsatsen til elevane: – Dei var veldig på ballen

Forsvaret vil bli betre på å forstå kva som er ekte og falsk informasjon i sosiale medium. No har dei fått hjelp av ekspertane sjølv – nemleg ungdommane.

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Forsvaret er som brannvesenet. Dei passar på, og må trena mykje. Men korleis kan dei få inn trening når det gjeld det som skjer i sosiale medium? Jo – me fann ut at me ville laga eit verktøy der ein kan simulera og kopiera kjende plattformer. 

Det seier Arild Bergh på telefon til Framtida Junior.

Han jobbar som forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), og er ansvarleg for prosjektet i samarbeid med elevar ved Lillestrøm vgs.

Målet var å laga eit undervisningsopplegg for dei som kan bli forsøkt lurt på internett. Nettopp det er veldig lett – sjølv for dei som jobbar med å passa på resten av gjengen i Noreg.

Les også: Ville bevisa kor lett det er å bli lurt – laga falske nyheiter og profilar

GIF: giphy.com

– Nøydd til å sjå til dei som forstår

– Når du blir presentert for ein type informasjon i sosiale medium, er det vanleg å dytta det inn i ei historie som du allereie kjenner. Då tolkar du bilde slik du vil, og ikkje slik du bør. Dette kan bli farleg, seier Bergh.

Bergh fortel at han er svært fornøgd med innsatsen til elevane, og at dei forstod oppgåva med ein gang.

– Me er nøydd til å sjå til dei som forstår sosiale medium, og det er ungdom på deira alder. Dei var veldig på ballen, og forstår på ein heilt annan måte enn dei som er litt eldre.

Forskaren tipsar om korleis du unngår å bli lurt av falske nyheiter:

  • Viss noko verkar for godt til å vera sant, er det som regel det.
  • Sjekk med kjentmenn – i dette tilfellet er det dei redaksjonelle media som aviser, TV og radio. Sjå på dei som ein personleg trenar for informasjon.
  • Hugs på at dei falske nyheitene er laga for å få merksemda di.
  • Viss noko er litt for dramatisk, eller gjer deg sint, bør du vera skeptisk.
  • Det er ingen skam å ikkje dela vidare.