Kva betyr det når grisen gryntar?

Forskarar vil utvikla ein app for å hjelpa bønder med å tyda grisegrynt.

Forskarar har undersøkt fleire tusen grisegrynt for å finna ut av kva dei betyr. Ved å bli betre kjent med gryntinga, kan dei seia noko om korleis grisen har det, skriv Ung.Forskning.no.

Brukte lydopptak

Forskarane samla inn 7000 lydopptak gjennom heile livet til grisene, frå fødsel til død.

Dei tok opp gryntelyder i ulike situasjonar. Positive situasjonar var at dei fekk springa fritt, eller då grisungane fekk mjølk av mora – eller at dei såg familien sin igjen etter å ha vorte skild frå kvarandre.

GIF: Giphy.com

Negative situasjonar var til dømes då grisene vart skilde frå kvarandre, krangling mellom smågrisar, at dei prøvde å rømma – og då dei skulle slaktast.

Forskarane var til slutt samde: Det er klare forskjellar på gryntinga til grisen når den har det bra og når han ikkje har det så fint.

Når den har det bra, er samtalane kortare og lyden lågare.