Kvifor er stemmene våre forskjellige?

Kvifor er det slik at me kan kjenna att folk berre ved å høyra stemma deira?

Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

– Det handlar om korleis me er skapte. Me er ikkje støypt i den same forma, seier stemmeforskar Tom Karlsen til Ung.Forskning.no.

Ulike stemmeband

Me er fødde med ulik form på strupen. Stemmebanda våre har ulik tjukkleik og lengd. Det gjer at stemmene våre blir som ulike instrument.

Når luft frå lungene treff stemmebanda våre, startar dei å svinga. Farten på svingingane bestemmer om stemma blir lys eller mørk.

– På same måte som me arvar auge og øyre frå foreldra våre, kan òg forma på strupen, og stemmebanda arvast, seier stemmeforskaren.

Då kan stemmene likna, og me kan høyra at folk er frå same familie.

GIF: Giphy.com