Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Milla (12)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. I dag får du bli betre kjent med Milla Søreide Charbaut frå Florø.

Er dette første gong du er med i Barnas Klimapanel?

Det er ikkje første gong. Eg har vore med to år før.

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Eg synest at den viktigaste klimasaka er utryddingstruga dyreartar, fordi alle dyr er ein del av økosystemet og me er avhengig av kvarandre. I tillegg er det viktig for meg at alle dyr har det bra.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Eg gler meg til å vera med å påverka politikarane og til å bli kjent med dei nye i panelet.

Kva likar du å gjera på fritida di?

På fritida mi likar eg å vera med venner og halda meg oppdatert på kva som skjer i verda.

Kva er din favorittfilm?

Min favorittfilm er «Don’t look up» som handlar om klimakrisa.

Din favorittleik?

Min favorittleik er stikkball.

Ditt favorittspel?

Mine favorittspel er Penzum og sjakk.

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Eg ville beskriva meg sjølv som nysgjerrig, opptatt av rettferd og aktiv.

Dilemma 1: Ville du ete ei skål med meitemark eller sove med edderkoppar i senga?

Eg ville ete ei skål med meitemark.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbada kvar dag i ei veke?

Eg ville isbada kvar dag i ei veke.