Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Ulrik (13)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. I dag får du bli betre kjent med Ulrik Hellum frå Fredrikstad.

Er dette første gong du er med i Barnas klimapanel?

Dette er den fjerde perioden min.

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Det er nok å stansa den globale oppvarminga.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Det er nok å skriva rapporten vår eller å reisa på klimatoppmøtet i Egypt.

Kva likar du å gjera på fritida di?

Spela fotball og spela dataspel.

Kva er favorittfilmen din?

Kongens Nei.

Favorittleiken din?

Har ingen favoritt.

Ditt favorittspel?

Fifa.

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Snill, morosam og omtenksam.

Dilemma 1: Ville du eta ei skål med meitemark eller sova med edderkoppar i senga?

Sova med edderkoppar.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbada kvar dag i ei veke?

Hadde gått for isbading.