Barnas Klimapanel: Bli betre kjent med Viljar (11)

Dei neste dagane vil me visa fram åtte engasjerte barn og unge som er med i Barnas Klimapanel. I dag får du bli betre kjent med Viljar Olaussen (11) frå Porsgrunn.

Er dette første gong du er med i Barnas klimapanel?

Ja, dette er første året eg er med i klimapanelet. Eg er veldig spent.

Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

Dei viktigaste klimasakene for meg er å kjempa mot global oppvarming og matsvinn.

Kva gler du deg til i arbeidet med panelet?

Eg gler meg mest til å vera med å skriva Barnas klimarapport i sommar og til å vera med på klimatoppmøtet i Egypt før jul.

Kva likar du å gjera på fritida di?

På fritida mi liker eg å sjå på mobilen min, med spel og YouTube, eta god mat, slappa av, driva med taekwondo, og ikkje minst gjera ting med Miljøagentane.

Kva er favorittfilmen din?

Favorittfilmen min er «Don’t look up», fordi han kunne likna litt på korleis me som jobbar med miljø blir møtt, og så vart det masse diskusjon medan me såg han.

Favorittleiken din?

Eg leikar ikkje så veldig mykje med leiker meir, men synest det er gøy å herja og tulla.

Ditt favorittspel?

Favorittspelet mitt er definitivt Minecraft.

Korleis vil du beskriva deg sjølv?

Eg er ein ganske hyggeleg og morosam fyr, som liker å tulla og gjera ting som betyr noko for andre og for verda.

Dilemma 1: Ville du eta ei skål med meitemark eller sova med edderkoppar i senga? 

Eg ville valt meitemark, for eg har allereie ete litt rare ting, til dømes mjølormar og sirissar.

Dilemma 2: Ville du vore innelåst i eit rom med prompelukt eller isbada kvar dag i ei veike?

Isbada! Prompelukt er ikkje godt. Eller, det kjem an på kor mykje lukt og kor lenge eg må vera der.