Det bør lagast fleire nynorske bøker

Eg synest det er for lite nynorsk bøker i Noreg.

Eg meiner at det er for lite nynorsk bøker på skulen, eg har nesten berre lese bokmålbøker heime, på skulen og på biblioteket.

Mange av skulebøkene er på bokmål, då synest eg det er vanskeleg å skriva på nynorsk, når eg les bøker på bokmål.

Eg meiner at det bør lagast fleire nynorske bøker og at nettstadar også bør vera på nynorsk.

Eg er glad for at det finst aviser som Framtida Junior og Norsk barneblad eg kan lesa, det er kjekt at dei er på nynorsk.

Maria Parr skriv kjekke nynorsk bøker.


Har du noko på hjartet? Er det noko du synest er urettferdig, spesielt bra eller noko andre kan læra av? Du kan bli høyrt viss du får fram meininga di. Her på framtidajunior.no kan du skriva om det som er viktig for deg. Send innlegg til junior@framtida.no!